Førespurnad om dåp


Slik kjem de i gang med dåpspåmeldinga

For å starte utfyllinga treng de eit 11-sifra fødselsnummer. Dersom barnet sitt fødselsnummer enno ikkje er tilgjengeleg, kan de bruke fødselsnummeret til ein av foreldra. De vil då få ein kode på SMS for å gå vidare i prosessen.

Vel «Ny registrering», og vel deretter kyrkje og ein aktuell dato der det er ledig plass. (Viss de skal endre eit tidlegare skjema, vel «Jeg vil åpne en registrering».)

I første omgang held det å fylle inn namn på barnet og kontaktinformasjon til dykk foreldre. Har de ikkje bestemt namn enno, kan de likevel sende inn skjemaet. Når dåpsdatoen er stadfesta, kan de opne registreringa igjen og leggje til informasjon som fadrar. Hugs å bruke same personnummer og telefonnummer som ved første innlogging.

Har de problem med påmeldinga, kan de ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 37 93 00 08: Tysdag og torsdag kl. 09–14, og fredag kl. 09–12.

I samband med dåpen må fødselsattest enten leverast til presten ved dåpssamtalen, eller sendast/leverast til kyrkjekontoret.


Personvern
Dei innsamla opplysningane blir brukte i samband med dåpen og vidare oppfølging. Dersom de ikkje ønskjer å bli kontakta i etterkant, kan de gi beskjed om dette.