Konfirmasjon
Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja passar like godt for deg som tvilar, eller som berre er nysgjerrig.

Ordet konfirmasjon kjem frå det latinske verbet confirmare, som tyder å styrkje, stadfeste eller gjere sterk. Konfirmasjon er ein gammal tradisjon som markerer overgangen frå barn til vaksen. Den norske kyrkja si ordning for konfirmasjon er i dag ei forbønshandling der Guds løfte ved dåpen blir stadfesta.
I løpet av konfirmasjonstida får du lære om den kristne trua, kva ho betyr for samfunnet vi lever i, kyrkja vår og for oss sjølve. For å bli konfirmert må du vere døypt. Dersom du ikkje er døypt frå før, kan du likevel vere med i konfirmasjonsførebuingane. Kvart år er det nokon som vel å bli døypt i løpet av konfirmasjonstida.